Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kyrkjerådet braut mållova

 (12.10.2009)

Kultur- og kyrkjedepartementet har konkludert med at Kyrkjerådet braut mållova då dei sende ut informasjon om kyrkjevalet berre på bokmål.

Kyrkjerådet fekk hard kritikk då dei sende ut valkort og informasjon om kyrkjevalet i september. Informasjonsbrosjyren var berre produsert på bokmål, trass i at ein tredel av kyrkjelydane nyttar nynorsk. Rådet skulda på dårleg råd og knapt med tid.

- Dette finst det inga orsaking for. Kyrkjerådet skal greie å sende ut informasjon om kyrkjevalet på nynorsk. Det er mogleg å skulde på tidspress og økonomi i visse situasjonar. Men eit kyrkjeval som ein har visst om i mange år, er ikkje ein slik situasjon. For oss er dette eit signal om at Kyrkjerådet manglar medvit om sitt språklege ansvar, sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag sende eit brev til Kultur- og kyrkjedepartementet for å sjekke om dette kunne vere it brot på mållova. No er svaret klårt. Departementet legg vekt på at rådet lett kunne ha halde mållova ved å skrive ein del av brosjyren på nynorsk. I brevet stadfestar også departementet at Kyrkjerådet ikkje klarer å halde regelen om 25 prosent nynorsk i det totale informasjonsstilfanget sitt.

- Det er trist når mållova blir broten, og at kyrkja, som tidlegare har vore flink aktør på dette området, har gjort ein ganske slett jobb. Spesielt i høve informasjonen til kyrkjevalet, seier Øvregård til NRK Sogn og Fjordane.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no