Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slutt på lærebokmangel?

 (13.10.2009)

I Soria Moria II lovar regjeringa å syta for at dei nynorske læremidla kjem til same tid og pris som læremidla på bokmål. Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom, vonar no at over tretti år med lærebokmangel for nynorskelevane kan vera over.

Frå pressekonferansen. (Foto: Arbeiderpartiet)


- For å skapa trygge språkbrukarar, må me ha lærebøkene på plass. Det er svært urovekkjande at berre halvparten av fylkeskommunane informerte forlaga om kravet til parallellutgåver i forkant av innkjøp i 2008. Her har regjeringa ein jobb å gjera, poengterer leiaren.

Lettare med nynorsk
- Den nye regjeringsplattforma for 2009-2013 seier tydeleg ifrå om at Noreg er eit land med to samfunnsberande språk, argumenterer Svendsen.
«Regjeringen vil sikre utviklingen av norsk språk, bokmål og nynorsk», heiter det under kulturpolitikk i plattforma. Meir konkret vil regjeringa fremja tiltak som gjer det lettare å nytta nynorsk. Norsk Målungdom ser på det som svært positivt at regjeringa på denne måten oppmodar til meir nynorskbruk, og syner vilje for å leggja til rette for nynorskbrukarane.
- Det er veldig bra at regjeringa ser på tospråkssituasjonen som ein ressurs, og ikkje ein last, seier Maria Svendsen.
- Det er viktig at politikarane klarer å fylgja opp, og få noko konkret ut av denne formuleringa. I dag er det til dømes ikkje lov for journalistar å skriva nynorsk i dei største riksdekkjande avisene, og det gjer det ikkje enklare å velja nynorsk for andre, seier Svendsen.

Vil motverka domenetap
Med Soria Moria II syner regjeringa eit medvite tilhøve til språk og språkutvikling i Noreg. Norsk Målungdom er glade for dette, og meiner dette medvitet er viktig for utviklinga av norsk språk.
- Språk er ikkje naturleg. Det er ingen andre enn oss sjølve som avgjer den språklege framtida vår. Engelsk får større og større plass i høgare utdaning, men dette er eit val me har teke sjølve, seier Svendsen.
Norsk Målungdom ser på det som positivt at utdanning vert gjort lettare tilgjengeleg på tvers av landegrenser, men dette bør ikkje på kostnad av dei som bur i dei aktuelle landa.
- Det må ikkje verta slik at ein er avhengig av å meistra engelsk svært godt for å ta høgare utdaning i Noreg. Det er viktig å sikra norsk som akademisk språk for å gjera høgare utdaning tilgjengeleg for alle i Noreg. Dette vert vanskeleg om me lèt norsk språk lida domenetap til engelsk, seier leiaren.
Norsk Målungdom vonar å sjå ei utvida språklov som mellom anna sikrar norsk som akademisk språk i Noreg innan dei neste 4 åra.

Pressemelding NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no