Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jærmuseet med i LNK

 (13.10.2009)

Jærmuseet har meldt seg inn i LNK.

– Vi ønskjer med dette å styrke banda til nynorskrelaterte tiltak, seier museumsdirektør Målfrid Snørteland til lnk.no.

Jærmuseet er den overordna organisasjonen for Nasjonalt Garborgsenter som skal opne i 2011, og Snørteland seier det først og fremst er for Garborgsenteret det er viktig å ha ein forankring i nynorskmiljøet. Men også mulegheita for deltaking i aktuelle prosjekt, som til dømes Diktarvegen, gjer at museet no har vald å bli medlem i LNK.

Jærmuseet er eit regionalt vitensenter for Sørvestlandet og regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå. Museet er også ein del av Kystmuseet. Jærmuseet har i år blitt kåra til Årets museum og fått den europeiske prisen Micheletti Award 2009 for beste teknologiske museum.

Pressemelding LNK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no