Halv million ekstra til Mållaget
(13.10.2009)
I framlegget til statsbudsjett går regjeringa inn for å auke statstilskotet til Noregs Mållag med ein halv million kroner.
Det Norske Teatret får ein auke på heile 9 millionar, men det er likevel mindre enn auken til Nationaltheateret. Dei andre nynorskinstitusjonane får stort sett dekt løns- og prisveksten.
– Dette er eit bleikt budsjett for nynorskbrukarane, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.
– Dei fleste nynorsktiltaka får dekt løns- og prisveksten, men heller ikkje meir, og budsjettet inneheld ingen nye tiltak som følgjer opp alle planane i språkmeldinga. Budsjettet burde hatt ein språkleg tiltakspakke som kunne gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk, seier Grepstad.
Kjartan Helleve
|
|