Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Store ord må følgjast opp med store summar

 (14.10.2009)

– Regjeringa har ein veldig offensiv språkpolitikk i bokstavar, men eg saknar ein like offensiv språkpolitikk i kroner, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Håvard B. Øvregård er delvis nøgd med framlegget til budsjett.

Regjeringa har lagt fram budsjettframlegget for 2010. Øvregård er godt nøgd med auka tilskot til Noregs Mållag, og trur at auken i dei økonomiske rammene for biblioteka, Kulturrådet og lærebøker vil gagne nynorskbruken. Han ser òg fram mot etableringa av eit nytt kunnskapssenter for utdanning frå 2011.

- Dette er noko me har etterlyst i fleire år, og er glade for at dette no har kome på plass. Det er svært viktig at me får meir forsking og fleire fakta på bordet kring spørsmål om målbyte og om sidemål.

Han saknar likevel konkrete satsingsområde.

– Kyrkje- og kulturdepartementet skal ha ros for at dei har sett språkpolitikk på dagsorden slik dei gjorde med Språkmeldinga. Det gav oss trua på at det no ville kome ei skikkeleg satsing. Det kan eg ikkje sjå i dette budsjettframlegget.

– Språkbanken var det viktigaste og dyraste tiltaket i Språkmeldinga, ei melding Kulturminister Trond Giske kalla den viktigaste meldinga han la fram i førre perioden. Ei etablering av Språkbanken vil koste minst 100 millionar kroner, men i dette framlegget er det berre sett av 5,5 millionar. Det syner at det enno er eit stykke igjen til samsvar mellom ord og handling i språkpolitikken. Store gode ord må følgjast opp med store summar, seier Øvregård.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no