Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Olav Stedje med eiga songbok

 (16.10.2009)

I ”Syng meg heim” er over 50 av dei mest kjende songane til Olav Stedje samla.

Vestlandstrubadur nummer 1 er fødd og oppvaksen i Sogndal. Han debuterte med slageren «Vi vandrar saman» i 1981, og suksessen var sikra. Framleis vert songar som «Ta meg med» og Sogndal sin fotballsong «Stao no pao» mykje spela på radioen, og det ser ikkje ut for at trenden har tenkt å snu. Difor gir Skald forlag no ut «Syng meg heim», ei samling med 50 Stedje-klassikarar.

– Då forlagssjef Lars Nes på sist årsmøte nemnde at det kanskje var ein idè å laga Stedje-songbok, vart det skikkeleg godstemning og stor ståhei. Klart me måtte laga Stedje-songbok! seier redaktør Brit Aksnes. Fleire av songane er skrivne for Stedje spesielt, og låtskrivarar frå Ivar Dyrhaug til Ivar Medaas er representerte i boka. Superhiten «Vi vandrar saman» er skriven av produsent, gitarist og ven Svein Dag Hauge, medan landeplagen «Ein nordmann sin draum» opprinneleg er ein Rodney Crowell-låt, nydeleg gjenskriven på breitt sognamål av Stedje sjølv. Boka vart lansert under Forfattersleppet i Bergen 15. oktober.

Pressemelding Skald
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no