Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Marny Skeie Henkel til Diktarvegen

 (16.10.2009)

Marny Skeie Henkel har fått prosjektansvaret for Diktarvegen. Ho skal verke som prosjektleiar fram mot konferansen i Balestrand våren 2010.

Marny Skeie Henkel (Foto: Jan Nordtveit)

- Ei viktig oppgåve no blir å samarbeide og samordne Diktarvegen med andre som har dei same interessene som oss, seier Skeie Henkel. - Vi må gjere prosjektet kjend og få ut informasjon om Diktarvegen til alle aktuelle kommunar. Diktarvegen vil derfor opprette ei nettside som mellom anna vil ha ein kulturkalender for aktivitetar langs rv 13, seier ho til lnk.no.

- Det er viktig at vi får på plass noko konkret og synleg ganske fort, seier prosjektleiaren.

Diktarvegen skal bli den første litteraturruta i Noreg. Diktarvegen skal følgje Rv 13, og gå frå Jæren i Rogaland, via Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn og ende i Sunnfjord i Sogn og Fjordane.

Marny Skeie Henkel er også tilsett som prosjektleiar for Rasmus Lølandmarkeringa 2007 - 2011. Ho understrekar at ho berre er midlertidig tilsett som prosjektleiar for Diktarvegen. Under vårkonferansen til Diktarvegen våren 2010 vil det bli etablert meir permanente styrings- og leiingsfunksjonar.

Les meir om Diktarvegen

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no