Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nye nettsider om Olav H.

 (21.10.2009)

Dei nye nettsidene for Olav H. Hauge er endeleg klare. Nettsidene er blitt ei skattekiste av materiale om og av Olav H. Hauge.

Under arbeidet med sidene har mottoet vore "litt meir". Om ein er nysgjerrig på Hauge eller allereie kjenner godt til forfattarskapen hans, skal skriva særemne om han, eller forska på dikta hans, skal ein finna "litt meir" her.

Materialet på sidene består av både tekst, bilete, lyd og film, slik at ein får møta diktaren på ulike vis. Her er mykje informasjon om Hauge i form av intervju, ein grundig biografi og bibliografi, bokmeldingar og masteroppgåver. I tillegg har ein fått løyve til å legga ut mange av Hauge sine eigne tekstar på sidene. Her finst dikt, omsetjingar, brev og dagboknotat.

Sidene vart offisielt lanserte på Brakanes Skule i Ulvik, og Hauge-senteret ynskjer å profilera sidene mot skuleverket. På sikt ynskjer ein å få inn eit pedagogisk opplegg på sidene, men allereie i dag vil sidene fungera som ei god støtte i undervisning.

Det er Norsk Plan som har utarbeida sidene, og sidene er ein del av ein forfattarportal som også husar liknande sider for Rasmus Løland, og der skal koma sider for Arne og Hulda Garborg.

Sjå sida her

Pressemelding Hauge-senteret
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no