Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Heider til Periferifestivalen

 (22.10.2009)

- Dette er som å få karakteren S på ein nynorskstil på ungdomsskulen, sa ei glad Helga Golten frå Periferifestivalen då ho takka for Målkipo frå Sotra Mållag.

Periferifestivalen har fått Målkipo 2009. Her frå festivalen i 2008.


Helga Holten er presseansvarleg for Periferifestivalen. Festivalen er i utgangspunktet ein musikkfestival, men har og kunst, litteratur og konferansar på programmet. Dei nyttar konsekvent nynorsk i all marknadsføring.

– Festivalar av liknande slag brukar gjerne både engelsk og halvgodt bokmål for å presentera seg. Slik er det ikkje med arrangøren som held til i sjøkanten på Glesvær. Dei nyttar skikkeleg nynorsk som og er krydra med gode uttrykk frå dialekten på staden, sa Karstein Bjørge, leiar i Sotra Mållag i fylgje Vestnytt.

Golten vart så glad for prisen at ho straks melde seg inn i Mållaget.

I tillegg gav Sotra Mållag ein målblome til Sartor Storsenter. Deira "Samfunnsrapport 08" er utelukkande på nynorsk, og mållaget vonar at både senteret og andre verksemder på Sotra ser verdien av å bruka nynorsk i vidare samfunnskontakt og marknadsføring.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no