Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha kandidatar til

 (27.10.2009)


For fjerde året skal Mållaget dele ut Nynorsk næringslivspris. No er vi på jakt etter gode kandidatar.

Framlegg kan vera både på reine nynorskverksemder eller på verksemder som nyttar nynorsk jamsides med bokmål. Vinnaren vil få høve til å marknadsføra seg gjennom Mållaget sine kanalar. Verksemda får også eit prisvinnarmerke som kan nyttast på nett og i trykksaker.

Utmerkinga skal fremja innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. Alle typar næringsverksemd som ikkje er omfatta av Mållova kan motta prisen.

Har du tankar om kven som fortener ein slik pris, så send ein e-post til nm @ nm.no innan 6. november. Send gjerne med ei kort grunngjeving. Prisen vil bli delt ut i desember.

Les meir om Nynorsk næringslivspris.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no