Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tannlaust svar frå departementet

 (03.11.2009)

– Svaret frå departementet er fullstendig tannlaust, meiner Anne Margrethe Eidhammer. Ho har sendt eit opprop frå 50 ordførarar om nynorsk læremateriell for framandspråklege til Kunnskapsdepartementet og er alt anna enn nøgd med svaret.

I vår sende Anne Margrethe Eidhammer, leiar i Vindafjord Mållag, eit brev til ordførarar i nynorskkommunar med tittelen «Stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege». Brevet blei sendt ut i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Bakgrunnen var at Mållaget hadde sett seg lei på at framandspråklege i nynorskkommunar fekk undervisning og materiell på bokmål. Noko materiell finst på nynorsk, men det er langt frå komplett. No ville Eidhammer ha med seg ordførarane for å få styresmaktene til å satse på meir og betre nynorsk opplæringsmateriell.

Mykje arbeid
– Det har vore mykje arbeid. Eg måtte ta personleg kontakt med alle ordførarane fordi dei ofte ikkje har tid til å lese alle e-postane som kjem, fortalde Eidhammer til lokalavisa Grannar i sommar.

– Det har vore tidkrevjande, men også positiv og kjekt. Eg likar å snakke med folk, og det har vore oppmuntrande med all den positive responsen. Fleire takka for initiativet, sa Eidhammer.

Men underskrifta og støtta frå ordførarar i meir enn femti nynorskkommunar var ikkje nok til at Kunnskapsdepartementet tok saka alvorleg. I det stutte svaret stod det berre: "Departementet har teke synspunkta med seg i det vidare arbeidet med å sikre læremiddel på valfri målform for alle elevar i opplæringa."

Eit ikkje-svar
– Ja, dette er tannlaust, seier Eidhammer til Grannar. - Det er ikkje eit svar, men berre ei registrering av at dei har lese brevet, meiner mållagsleiaren i Vindafjord.

Bergens Tidende har skrive om saka og tok kontakt med Kunnskapsdepartementet for å spørje om kvifor dei ikkje tok saka meir alvorleg. Der fekk dei opplyst at ansvarsområdet tilhøyrde Barne- og likestillingsdepartementet.

– Eg skjønar godt at ho er misnøgd med svaret, og vi burde ha opplyst at dette ikkje var heilt vårt ansvarsområde, seier statssekretær Lisbeth Rugtvedt (SV) til BT. Ho vil syte for at brevet vert sendt til rett mottakar. Barne- og likestillingsdepartementet ynskjer ikkje å kommentere ordføraroppropet før dei har handsama saka.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no