Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskpraktikant i Aura Avis

 (05.11.2009)

Riksfondet for nynorsk presse har gitt 25.000 kroner i støtte til Nordmøre Mållag som skal gå til å finansiere ein praksisplass i Aura Avis.

Idéen om å skaffe praktikant til lokalavisa kom opp for 4-5 år sidan i eit møte Ingar Arnøy og Nils Ulvund, prosjektleiar i Nordmøre Mållag, hadde med redaktør Lars Steinar Ansnes i Aura Avis. Seinare og spesielt etter seminaret om avisspråk i mars 2008, har redaktøren vore positiv til å sleppe til meir nynorsk i avisa. I kontakt med Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag har avisa ytra ønske om å få tak i ein journalistpraktikant som skriv nynorsk. Avisa har sjølv ikkje midlar til praktikant. Nytilsetting er heller ikkje aktuelt i avisa i nær framtid.

25.000 kroner i støtte
Difor gjekk Ålvundfjord og Ålvundeid Mållag til Nordmøre Mållag og Nils Ulvund for å leita etter måtar å finansiere ei slik stilling på. No har Riksfondet for nynorsk presse løyvd 25.000 kroner som skal finansiere ein nynorskpraktikant. Pengane blir utbetalte når ein praktikant er på plass. I tillegg til praktikantløna gjev Nordmøre Mållag stipend på 5000 kroner.

- Dette syner at alt er mogleg, seier ein oppglødd Nils Ulvund.

- No er det berre å finne rett praktikant. Det er enno ikkje heilt spikra når praksisperioden skal vere, men eg kan ikkje skjøne anna enn at det må gjere det enklare å få journalistspirer til å søkje når dei og får stipend. Om nokon har idéar om korleis me kan få ein dyktig nynorskskrivande journalist til Nordmøre tek eg imot framlegg med takk.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no