Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektprisen til Eli Kari Gjengedal

 (09.11.2009)

Eli Kari Gjengedal har fått Dialektprisen, som kvart år blir delt ut av Norsk Målungdom. Målungdomen roser prisvinnaren for sjølvsikker og original bruk av nordfjordmål.

Maria Svendsen, leiar i NMU, med prisvinnar Eli Kari Gjengedal. (Foto: Norsk Målungdom/Vebjørn Sture)


- Då Eli Kari Gjengedal song vêrmeldinga på melodien til Ola Tveiten i haust, gjorde ho noko få andre ville tort å gjere, sa Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom, under utdelinga.
- Eli Kari sjølv har uttalt at ho syntest det var flaut, men gjennom å tore å gjere det, gjorde ho seg sjølv til eit godt føredøme for andre. Når usikre ungdomar landet over ser henne vise fram dialekten sin på den måten, gjer det godt for den språklege sjølvkjensla, heldt Svendsen fram.

Takka TV2
Under utdelinga kunne Eli Kari Gjengedal fortelje at ho nesten ikkje trudde det ho høyrde då ho fekk vite at ho var tildelt årets Dialektpris.
- Då eg fekk telefonen trudde eg nesten ikkje det var sant. Eg lurte på om det var ein spøk, fortalde ho.
Gjengedal var òg oppteken av å rose medarbeidarane i TV2.
- TV2 skal ha mykje av æra for denne prisen. Dei legg veldig godt til rette for at vi som arbeider på skjermen skal kunne bruke dialekt der, og dei oppfordrar oss til å gjere det, sa ei strålande blid Eli Kari Gjengedal.

Om prisvinnaren
Eli Kari Gjengedal (f. 1971) kjem frå Leikanger i Sogn og Fjordane. Ho er mest kjend som vêrmeldar på TV2 for Storm Weather Center, men ho har òg vore innom forfattarbransjen, mellom anna med barneboka Karl Oscar i hardt vêr (2007). Som dialektprisvinnar er ho i selskap med mellom andre Ravi (2004), Are og Odin (2006) og Linda Eide (2008).

Pressemelding NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no