Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir forsking

 (10.11.2009)

STATSBUDSJETTET FOR 2010
HØYRINGSFRÅSEGN FRÅ NOREGS MÅLLAG 10. NOVEMBER 2009

Noregs Mållag takkar for ein realauke på kring 400 000 kroner i statsbudsjettet for 2010. Det set oss i stand til å vidareføra og vidareutvikla pilotprosjektet vårt om målbyte blant grunnskuleelevar som har starta opplæringa med nynorsk. Vi har no to prosjektmedarbeidarar i deltidsstillingar; ein i Valdres og ein i Hordaland. Desse prosjekta inneheld både innsamling av røynsler, oppbygging av kunnskap og undervisingstilbod til skulane der vi går inn og utfordrar haldningane som kan få elevar til å skifta hovudmål.

HOVUDKRAV FRÅ NOREGS MÅLLAG
I Noreg er det mange nynorskelevar som er språkleg utrygge, har låg språkleg sjølvtillit og som vurderer å byte, eller byter hovudmål til bokmål. Fleire som går gjennom skulen med nynorsk byter også seinare, t.d. dersom dei kjem til ein arbeidsplass der alle eller det store fleirtalet av kollegaer bruker bokmål.

St.meld. nr. 35 (2007-2008) ”Mål og meining” peikar på mange utfordringar knytte til nynorsken som eit mindre brukt språk i Noreg. Meldinga kommenterer også fleire stader at ein her treng meir kunnskap, og i komitemerknaden går det fram at:

”Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, meiner at det er behov for meir forskingsbasert kunnskap om språk og språkbruk i norsk samanheng. Til dømes strekar meldinga under at målbyte frå nynorsk til bokmål ikkje er grundig analyserte.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre, meiner det trengst ein grundig analyse av årsakene til målbyte frå nynorsk til bokmål.
Dette fleirtalet meiner at ein òg treng ressursar til forsking på dette området.”

Mållaget vil streka under dette synet frå eit fleirtal i komiteen, og be om at arbeidet med å få meir kunnskap på feltet vert sett i gang snarast. Arbeidet vårt med målbyte, som med våre ressursar er nøydd til å vera svært avgrensa, vil få auka verdi og kunna gjerast meir effektivt dersom staten medverkar til å skaffa fram kunnskap som gjer tiltak på området mest mogleg målretta.


ÅLMENN VURDERING
Kyrkje- og kulturdepartementet skal ha ros for at dei har sett språkpolitikk på dagsorden slik dei gjorde med Språkmeldinga. Det gav oss trua på at det no ville kome ei skikkeleg satsing. Det kan vi diverre ikkje sjå i dette budsjettframlegget.

Mål og meining inneheld 109 nynorsktiltak. Mange av desse handlar om å betra haldningane og å styrkja nynorsken som samfunnsberande språk. Der ligg ei tydeleg erkjenning av at nynorsken må favoriserast og lyftast fram, skal ein få det til.

Med det bakteppet uroar det Noregs Mållag at 4 millionar til å gjennomføra tiltaka i språkmeldinga i 2009, for 2010 er redusert til 3 millionar.

Noregs Mållag bed om at summen til gjennomføring av ”frie” språktiltak vert mangedobla. Ulike fag- og interessemiljø står klar til å ta utfordringa med å få tiltaka sette ut i livet, dersom finansieringa ikkje er til hinder for å ta på seg nye oppgåver.

Vi bed også om at det vert laga ein opptrappingsplan for korleis ein skal styrkja norsk språk i tråd med målsetnadene i språkmeldinga. Ein slik plan vil gjera finanseringsbehovet i komande femårsperiode tydelegare, og han vil venteleg føra til at ei rekkje tiltak og mål blir meir konkrete.


NASJONALT GARBORGSENTER
Det er av stor verdi at det veks fram sterke målmiljø rundt i landet, knytt til forfattarar og kulturpersonar som har budd og levd i lokalmiljøet, og som har arbeidd for nynorsk. Eit døme er nasjonalt Garborgsenter i Rogaland. Slike senter kan styrkja den stolte tradisjonen språket har som kulturberar anten det er på idrettsplakaten, skule, barnehage eller i eit kulturprogram. Særleg viktig med nasjonalt Garborgsenter er deira satsing på born og unge. Kommunen og fylkeskommunen har investert i prosjektet, men for at det skal få karakter av eit nasjonalt senter, bør staten òg bidra med midlar.


SLUTTMERKNAD
Noregs Mållag viser elles til innspelet til Kulturdepartementet frå eit samla Nynorsk forum, dagsett 28. juli 2009. Det innspelet inneheld kommentarar til mange viktige nynorsksaker i åra som kjem.


Oslo, 10. november 2009
For Noregs Mållag


Håvard B. Øvregård
leiar

Gro Morken Endresen
dagleg leiar

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no