Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kull 12 er klart

 (11.11.2009)

Gunn Evy Auestad, frå Karmøy, Astrid Marie Grov, Tinn, Kristin Vestreim, Kaupanger, Ingvil Aaen Torpe, Voss og Mari Langva, Volda, utgjer kull 12.

Det var 46 søkjarar til kull 12, og elleve av dei var inne til konferanse. Fem kvinner byrjar på opplæringa 4. januar 2010. Ei frå Telemark, dei andre frå Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

- Identiteten min som nynorskbrukar er sterk. Som vestlending er dette den målforma som ligg nærast opp til talemålet mitt. Eg har difor alltid hatt nynorsk som hovudmål, og har eit medvite forhold til eigen språkbruk, seier Gunn Evy Auestad.
 

- Eg trur eg eignar meg betre som utolmodig journalist enn som forskar. Men språkvitskapen skal ha æra for å ha ført meg attende til nynorsken, etter nokre års misforstått bokmålsbruk. No er nynorsken viktigare for meg enn dialekta mi, seier Astrid Marie Grov.
 

- Reklame kan vere vel og bra, men det er ikkje i den bransjen eg vil ende mine dagar. Eg ynskjer aller helst å jobbe som nyhendejournalist, og kan eg medverke til at nynorsken vert meir brukt i media er det ingenting eg heller vil, seier Kristin S. Vestreim.

- Eg har meir og meir lyst til å arbeide som journalist. Har alltid vore oppteken av nynorsken, både skriftleg og munnleg. Men i ein Oslostyrt underhaldningsbransje er ikkje alltid det like lett! seier Ingvil Aaen Torpe.


 

(Alle foto: Geirmund Henjum/NRK)

- Motivasjonen for å søkje NRK Nynorsk mediesenter er todelt. For det første har eg lyst til å lære meir om journalistikk og for det andre vil eg gjerne medverke til at fleire tør å halde på nynorsken sin. Eg trur meir og betre bruk av nynorsk i media har mykje å seie i den samanhengen, seier Mari Langva.

 

Pressemelding Nynorsk mediesenter
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no