Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskpris gjev nynorsklyft på Stord

 (11.11.2009)

Liv Kari Eskeland, ordøfrar i Stord kommune, heiste flagget då det blei kjend at Stord hadde vunne prisen "Årets nynorskkommune".

Stord kommune vil bruke 100.000 kroner på ekstra nynorsktiltak. Pengane fekk dei som ein del av prisen ”Årets nynorskkommune”. Falturiltu, mållaget, den kulturelle skulesekken og språkkurs er mottakarane.

I september blei det kjend at Stord kommune blei den fyrste vinnaren av den nyoppretta prisen ”Årets nynorskkommune” frå dåverande kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa. No ligg innstillinga til fordeling av prispengane føre.

I kveld skal komité for næring, miljø og kultur ta stilling til innstillinga frå rådmannen, som altså er å fordele pengane slik:

Kr 35..000 blir til språkkurs for kommunen sine medarbeidarar.
Kr 35.000 til Falturiltu, nynorsk barnelitterturfestival
Kr 20.000 i ekstramidlar til den kulturelle skulesekken i kommunen
Kr 10.000 i ekstra tilskot til Stord Mållag for det gode arbeidet laget gjer

Les grunngjevinga til juryen hjå Kommunal- og regionaldepartementet.

Pengar til målarbeid
Då det blei kjend at Stord var prisvinnaren, uttalte ordførar Liv Kari Eskeland til innsida.no at ho helst ville sjå at prispengane blei nytta til målarbeid i kommunen:

– Eg har ikkje drøfta dette med rådmannen enno, men prinsipielt bør desse pengane brukast på ein slik måte, sa Eskeland til avisa den gongen. No er altså innstillinga lagt fram og alt ligg med dette til rette for ei ytterlegare styrking av posisjonen til nynorsken på Stord, som vann prisen i tevling med Valle, Sund, Vinje, Fjell, Lom, Hornindal, Aurland, Norddal, Nissedal og Ullensvang.

Les meir på heimesidene til Stord kommune.

Falturiltu: Veldig bra
– Dette er veldig bra. Vi har nett gjennomført årets Falturiltu-festival på ein god måte med stor suksess, fortel Hege Myklebust når ho får høyre om tilrådinga frå rådmannen. Ho er leiar for programnemnda til festivalen og sit i styret til Stord mållag.

– Eg tykkjer det er veldig bra at kommunen vil stø nynorsktiltak vidare. Stord kommune er allereie ein viktig økonomisk støttespelar og dette er eit viktig signal, seier Hege Myklebust, som òg er tidlegare leiar i Noregs Mållag. Hege er òg stolt over at kommunen vil prioritere det lokale mållaget:

– I søknaden om å få prisen la kommunen både vekt på Falturiltufestivalen og det gode arbeidet til Stord Mållag. Slik kan altså mållaget ha vore med på å sikre Stord prisen, og det er gøy å bli prioritert i denne fordelinga, meiner målkvinna. Ho fortel at særleg arbeidet med det årlege magasinet Storamål har gjeve laget ein oppsving dei siste tre åra. No vil altså laget kunne ta ytterlegare styrkelyft for nynorsk – dersom innstillinga frå rådmannen går gjennom.

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no