Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Pris til Parr

 (18.11.2009)

Forfattar Maria Parr har fått Ole Vig-Prisen 2009 for formidabel kulturell innsats.

(Foto: Sølvi Brudevoll)

Føremålet med prisen er å heidre ungdom som har gjort ein formidabel kulturell innsats i Ole Vig si ånd. Om prisvinnaren skriv juryen:

”Desse to bøkene er av svært høg kvalitet. Maria Parr bruker klassiske barnebøker og eventyr som kjelder – men bruker kjeldene kreativt og skaper personar og miljø som passar inn i dagens røyndom. På same tid hender det også ting i bøkene som trampar over røyndomens grenser, og det hører jo med i god barnelitteratur. Livet består av glede og sorg, keisemd og overraskingar, akkurat som bøkene til Maria Parr.”

Maria Parr debuterte i 2005 med den kritikarroste barneboka Vaffelhjarte, som vart nominert til Brageprisen og fekk Nynorsk barnelitteraturpris og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel. Boka er omsett til fleire språk. I 2009 kom boka Tonje Glimmerdal som vart selt til fem land før ho kom på norsk, og som er nominert til Brageprisen.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no