Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Molvær Grimstad

 (19.11.2009)

Sula Mållag har gitt målprisen for 2009 til May Helen Molvær Grimstad. - Vi er svært glade for det store arbeidet du har lagt ned for nynorsk og norsk kultur.

(Foto: Lillian og Lena/KrF)

Målprisen frå Sula Mållag går til personar, firma eller lag og organisasjonar frå Sula for bruk av nynorsk. I år gjekk prisen til KrF-politikar og nynorsk-entusiasten frå Langevåg.

Øystein Grønmyr stod for helsingstalen og han understreka kor viktig Grismstad har vore for å få på plass naudsynt politisk og økonomisk støtte til tiltak som fremjar nynorsk.

Blåmann Barnebokklubb
- Du var med under opninga av Nynorsk kultursentrum i Ørsta i 2000. Då spurde du forlagssjefen i Det Norske Samlaget, Audun Heskestad, om det var ei sak han ville du skulle fremje i Stortinget. Då fekk du til svar at Samlaget gjerne ville starte ein barnebokklubb, men mangla ein startkapital for å kunne kome i gang. Du tok saka og fekk Stortinget med på ei startløyving på i underkant av 2 mill. kr. Og ikkje lenge etter var Blåmann Barnebokklubb ein realitet. Det er di forteneste, sa Grønmyr

Nyt tillit
- Ei anna sak er frå siste perioden der du som leiar i kulturkomiteen fekk auka løyvinga til Nynorsk kultursentrum med 250.000 kr i høve til framlegget frå regjeringa. At du fekk til dette frå ein plass i opposisjonen vitnar om at du både nyt tillit i regjeringspartia, og at du har evne til å nå fram med saker du brenn for. Vi er svært glade for det store arbeidet du har lagt ned for nynorsk og norsk kultur. Vi er også stolte over at du gjennom ditt arbeid i Stortinget har representert Sula på ein framifrå måte.

Prisen var eit diplom, målkrus m/asjett, vase frå Celsius glasblåseri med inskripsjon: ”Vinnar av målprisen frå Sula Mållag 2009”.

Pressemelding Sula Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no