Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nektar å ta i bruk bokmålsverktøy

 (25.11.2009)

Helse Sunnmøre har teke i bruk eit taleattkjenningssystem som ikkje forstår nynorsk. Difor nektar fleire lækjarar å ta verktøyet i bruk.

Taleattkjenningssystemet gjer det mogleg for lækjarane å få ut det dei dikterer munnleg som tekst. Tidlegare måtte diktata innom ein sekretær som skriv det ut manuelt. Dette tek både tid og ressursar. Problemet er at systemet ikkje forstår nynorsk, slik at det er uråd å få det ein les inn som nynorsk tekst. Det vil ikkje alle finne seg i.

- Det må finnast på det språket som me nyttar. No er det ikkje aktuelt sidan det ikkje finst på nynorsk seier overlege Bottolf Lødemel ved sjukehuset i Volda til NRK Møre og Romsdal.

Han og dei andre som vil ha utskriftene sine på nynorsk, må difor nytte det gamle systemet.

Seksjonsoverlege Ottar Rekkedal frå Lillehammer vart <a data-cke-saved-href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2919" href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2919" self"="" class="link">Årets nynorskbrukar 2009 av di han tok opp denne problemstillinga i fjor haust. Han klaga til Kyrkje- og Kulturdepartementet sidan han følte seg diskriminert som nynorskbrukar.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no