Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vurderer nynorsk taleattkjenning

 (26.11.2009)

Nasjonal IKT har no starta arbeidet for å syte for at dei nynorskbrukande lækjarane skal få eit taleattkjenningssystem som skjønar kva dei seier. Men fyrst må det vurderast om dette noko som kan krevjast med Mållova i handa.

Fleire lækjarar har vore frustrerte over at taleattkjenningssytemet som er blitt teke i bruk på sjukehus rundt om i landet ikkje skjønar nynorsk. Det er heller ikkje råd å få det ein dikterer ut som nynorsk tekst.

Språkrådet har teke opp spørsmålet med Nasjonal IKT, som er helseføretaka sin nasjonale aktør innan informasjons- og kommunikasjonsteknologi. På eit møte i styringsgruppa i september vedtok Nasjonal IKT å setje i gang eit forprosjekt som skal vurdere kva m.a. tekniske og økonomiske utfordringar dette byr på. I tillegg skal forprosjektet "avklare hvilke juridiske og forskriftsmessige krav som pålegger helseregionene gjøre talegjenkjenning tilgjengelig på begge målformer".

Forprosjektet er no i gang og skal levere ein rapport tidleg i 2010.

Les meir om forprosjektet

<a data-cke-saved-href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2991" href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2991" self"="" class="link">Nektar å ta i bruk bokmålsverktøy

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no