Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målbyte i Valdres

 (27.11.2009)

Valdres Mållag har med støtte frå Noregs Mållag undersøkt kor mange skuleelvar som byter frå nynorsk til bokmål, og kvifor dei gjer det. Resultata er urovekkjande.



Saman med Samisk Høgskole vart det laga eit spørjeskjema som vart gitt til alle elevane på Valdres vgs. Det er over 500 elevar på skulen, og godt over 400 svara på spørjeskjemaet. Resultata viser mellom anna at 75 prosent av elevane skiftar frå nynorsk til bokmål og at byte skjer tidlegare enn ein har trudd. 37 prosent går over til bokmål mellom barneskule og ungdomsskule.

Må ta signala
– Det er ikkje sjokkerande svar. Mykje av dette var kjent. Men det var ein vekkar å få det talfesta, seier prosjektleiar Karen Marie Kvåle Garthus til Nationen.

- Spørsmålet er om dei er tilstrekkeleg opplyste om konsekvensane av å velje det vekk. Undersøkinga viser at vi må starte praten om språkval tidlegare, og vi må ta med signala frå ungdommane inn i språkdebatten.

Ho gleder seg likevel over at 54 prosent seier at det er viktig å bruke nynorsk i Valdres.

– Nynorsk blir oppfatta som ein viktig kulturberar. Det overraska meg at så mange meinte det. Altså finst det positive haldningar til nynorsk, sjølv om dei sjølv ikkje ser nytten av å bruke det, seier ho til avisa.

Nynorsk meir enn skulemål
– Det er nær ei katastrofe for nynorsken at så mange skiftar til bokmål. Vi veit no at det skjer i delar av landet. Di meir vi veit, di meir må vi jobbe for å motverke målbyte. Kunnskapen vi har fått gjennom prosjektet er heilt avgjerande når vi skal legge til rette for at folk kan få bruke språket sitt, både i skule og arbeidsliv, seier Håvard Øvregård, leiar i Noregs Mållag til Nationen.

- Dei siste åra har målrørsla teke inn over seg at målkjensla vår vert skapt vel så mykje utanfor skulen som i skulen, seier Aud Søyland, nesteleiar i Noregs Mållag.

- Mellom anna er den aller fyrste språkopplæringa, i barnehagen svært viktig. Sameleis gjeld målbruken i det offentlege og i det sivile samfunnet ikring oss. Me eig alle språket saman, og dermed vert det viktig for oss å få med oss kommunane, næringslivet, organisasjonane osb. Alt som kan heve terskelen for målbyte, er bra, seier Søyland.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no