Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkrefs til Haukeland sjukehus

 (30.11.2009)

Den siste tida har både Helse Førde, Helse Sunnmøre og Sykehuset Innlandet fått refs for å gje nynorsken dårlege kår. Fem år har gått sidan Kulturdepartementet slo fast at Helse Vest skal ha nynorsk som tenestemål. No får Haukeland sjukehus, det største sjukehuset på Vestlandet, refs for å bruke så og seie berre bokmål.

Haukeland sjukehus får språkrefs nok ein gong.



Det er Bergens Tidende som i dag melder at Helse Vest er langt unna å vere ei nynorskspråkleg verksemd. Avisa fortel at Erlend Bakke frå Askøy har sendt brev til Språkrådet der han bed dei sjå på språkbruken til helseføretaket. Språkrådsdirektør Sylfest Lomheim varslar at han vil fylgje opp saka.

Særskild påpeika i 2004
Helse Bergen er ein av fem divisjonar i Helse Vest. Helse Vest, som dekkjer Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland, har eit fleirtal av nynorskkkommunar i nedslagsfeltet sitt. Lova om målbruk i offentleg teneste slår dimed fast at tenestemålet skal vere nynorsk. Dette blei særskild påpeika av Kultur- og kyrkjedepartementet i 2004. Målkravet gjeld heile verksemda, som omfattar nesten 14 000 tilsette.

Kommunikasjonsdirektør ved Helse Bergen, Monica Høgli, legg seg flat for kritikken. Ho seier til BT at kritikken frå Bakke er på sin plass:

-Har ikkje vore flinke nok
- Språkrådet og Erlend Bakke har på mange måtar rett. Vi har ikkje vore flinke nok til å følgje opp pålegget vi fekk for fem år sidan. Det gjeld i fyrste rekkje heimesidene våre. Dei var nye like før pålegget kom. Vi ville difor venta med å endra mellom anna menypunkt og faste tekstar til vi fekk nye sider. Sidene er under arbeid og skal vera klare over nyttår. Då vil vi vera der vi skal når det gjeld nynorsken. Sjølvsagt vil vi følgja lova slik vi er pålagt.

Helse Bergen har til saman om lag 9500 tilsette fordelt på cirka 7600 årsverk. Budsjettet for 2009 er på over over sju milliardar kroner, i fylgje heimesidene deira. Styreleiar i Helse Bergen er Ranveig Frøiland, som sjølv er nynorskbrukar. Ho varslar til BT at språkbruken vil bli eiga sak på styremøtet i desember, og meiner økonomien har vore grunnen til at nynorsken har så dårlege kår ved Haukeland og resten av verksemdene i helseføretaket.

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no