Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Teatret tenkjer på å selje

 (03.12.2009)

Det Norske Teatret arbeider for å få skikk på økonomien og tenkjer no på om dei skal selje delar av teaterbygningen. Samstundes har teateret fått to nye samarbeidspartnarar.

– Teatret treng ekstra midlar for å oppgradere det tekniske utstyret og for å halde resten av huset i stand, seier direktør Astrid Driva Rødsand til Bergens Tidende.

I 2008 var underskotet på seks millionar til tross for godt besøk. Eit etterslep av vedlikehald og oppgraderingar gjer at teatret må bruke mykje pengar på sjølve huset. Kulturdepartementet krev at det underskota ved teatret forsvinn i løpet av neste år. Difor er 18,5 årsverk vekke, og leiinga tenkjer på no om dei skal selje dei delane av bygget som no blir leigde ut til Fokus Bank. Det er snakk 2000 av totalt 26 000 kvadratmeter.

– Me diskuterer kor vidt Det Norske Teatret skal halde fram med utleige, eller om me skal konsentrere oss om kjerneoppgåvene, sier Driva Rødsand til avisa.

Nye sponsorar
Samstundes har teatret i løpet av november fått to nye samarbeidspartnarar. Både Det norske oljeselskap ASA og OBOS (Oslo Bolig- og Sparelag) har gått inn på sponsorsida.

- Det Norske Teatret lykkast for tida i arbeidet med å auke eigeninnteninga gjennom samarbeidspartnarar – i tråd med Kulturdepartementets oppmoding, skriv teatret i ei pressemelding.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no