Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Østfold Mållag med første Kindle-bok på norsk

 (08.12.2009)

Østfold Mållag har lagt ut årboka Aust i Vika for sal til dei i Noreg som allereie sit med ein Amazon Kindle levert frå USA. Dette er truleg den første norske boka som kan lesast på ein Kindle. Om ikkje den første.

Magne Aasbrenn syner fram den trykte og den elektroniske utgåva av Aust i Vika 2009. (Foto: Kjartan Helleve)


- Dette er ein revolusjonerande måte å lage, selje og distribuere bøker på for små utgivarar, seier leiar i Østfold Mållag, Magne Aasbrenn. Han har 20 års erfaring frå bokutgiving i liten skala, og opplever innføringa av elektroniske bøker som ei demokratisering av bokheimen.

Må tingast direkte
Kindle er ein e-boklesar frå den amerikanske nettbokhandlen Amazon. Den kan i utgangspunktet berre nyttast til å lese e-bøker som Amazon sel. Men sjølv om Aust i Vika 2009 ikkje ligg inne i nettbutikken til Amazon, så kan boka tingast direkte frå Mållaget. Boka blir send rett til lesebrettet via e-post på mobilnettet. Kjøparane må betale 6 kroner til Amazon, og Østfold Mållag har tillit til at dei etter mottaket vil overføre ein 50-lapp til laget sin bankkonto for innhaldet i boka.

- Alle som vil lese årboka til Østfold Mållag, er ærlege menneske, meiner laget, så dette går nok bra.

- Det er kanskje feil at Amazon har monopol på å levere bøker til bretta, men på den andre sida er metoden med direkte e-postlevering svært gunstig for oss. Vi får god forteneste av dette.

Tidleg ute med nettside
Aasbrenn har sjølv programmert innhaldet i papir-årboka om til eit format som passar på Kindle, og seier at det dreier seg om temmeleg enkel html-kunnskap.

Østfold Mållag var også veldig tidleg ute med å lage nettside til laget midt på 90-talet, så tidleg at lokalavisa i Fredrikstad laga avisoppslag på det.

Rikt innhald
Aust i Vika 2009 er den 5. i rekka frå Østfold Mållag. Den første artikkelen er skriven av språkdirektør Sylfest Lomheim, som fortel om opphavet til landsnamna Norge/Noreg. Dette er spesielt aktuelt i Østfold, der grenseskiltet med Noreg på kom opp da den nye Svinesundbrua vart opna i 2005.

I andre artiklar i boka tar deltakar i NRK Språkteigen, Ivar Utne, for seg sjeldne fornamn som mest har vore i bruk i Østfold, og høgskolelektor Benthe Kolberg Jansson gir glimt frå skolar og barnehagar der ein prøver ein ny vri på sidemålsundervisninga. Lesaren får òg mellom anna minnestoff om markerte østfoldingar med brennande interesse for språk og innsyn i arbeidet med nynorsk Wikipedia.

Pressemelding Østfold Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no