Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

100.000 kroner til Hemsedal Mållag

 (08.12.2009)

Den heimflytta hemsedølen Olav G. Eikrehagen har fordelt 1,1 million kroner i heimbygda. Hundre tusen går til å sikre hemsedalsmålet ei framtid.

Eikrehagen har i mange år budd i Bærum, men flytta heim att til Hemsedal for nokre år sidan. No har han vald å gje bort 1,1 million kroner til dei to hjarteborna langrenn og dialektbruk, i fylgje Hallingdølen.

– Eg har ingen direkte etterkomarar, og pengar til overs. Eg vil gje litt til det eg brenn mest for medan eg er i live. Eg er sportsidiot og har vigd heile livet mitt til idrett, spesielt ski og langrenn. Og ingenting gler meg meir enn å høyre ein hemsedøl svalle ekte og rein dialekt, seier Olav G. Eikrehagen til avisa Hallingdølen.

Kjell Snerte er leiar i Hemsedal mållag og tidlegare leiar i Noregs Mållag (1977-79). Han er svært takksam for den gilde førjulsgåva:

– Det nærma seg jo eit sjokk ettersom summen er så stor, seier Snerte om reaksjonen då han fekk vite om løyvinga. Han gler seg til å bruke pengane på gode dialekttiltak i Hemsedal:

Dialektaksjon
– For eit halvår sidan starta vi ein brei dialektaksjon der vi samarbeider med barnehage og skule i Hemsedal. Til dømes har vi hatt ein dialektdag på skulen der alle elevar og tilsette skulle prate hemsedøl, og der dagen var sett av til ulike opgåver på og om dialekt, fortel mållagsleiaren. Han er stolt over gode tilbakemeldingar frå elevane sjølve.

– Det hastar med å lukkast med dette arbeidet. Det står dårleg til med dialektbruken hjå ungdomen, så dette er eit viktig arbeid, meiner Kjell Snerte.

Hemsedal mållag har produsert dialektskjorter og –termometer som ein del av aksjonen. Eit anna tiltak er å digitalisere ei ordbok over hemsedalsmålet laget tidlegare har gjeve ut, og i den digitaliserte versjonen skal ein kunne høyre orda i tillegg til å sjå dei i skrift. Dialektaksjonen skal etter planen gå i fleire år frametter, og har no fått uventa drahjelp frå Olav G. Eikrehagen.

Jens Kihl
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no