Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fagbokpris til nytt lærebokverk i norsk historie

 (09.12.2009)

Nynorsk fagbokpris for 2009 går til forfattarane Jon Vidar Sigurdsson, Ståle Dyrvik, Jan Eivind Myhre og Ola Svein Stugu for firebandsverket Norsk historie frå dei eldste tider til i dag som kjem ut på Samlaget i 2011.

Nynorsk fagbokpris er på 100 000 kroner og er oppretta av Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo og Det Norske Samlaget. Prisen vert utdelt annakvart år.

Etter Kvalitetsreformen i høgare utdanning finst det ikkje oversiktsverk i norsk historie som dekkjer pensumbehovet på historie bachelor. Det nye historieverket til Sigurdsson, Dyrvik, Myhre og Stugu tek sikte på å dekkje dette behovet. Forfattarane vil skrive ei frisk, men solid og fagleg oppdatert framstilling, ei framstilling som gjer norsk historie spennande for studentane.

Siktar på å bli marknadsleiar
Juryen for prisen dette året: Ylva Torilsdotter Tyssing og Camilla Tjønneland Mentzoni frå Studentmållaget i Oslo, og Beate Homlong og Solveig Øye frå Det Norske Samlaget.

I tildelinga har juryen lagt vekt på at verket siktar på å bli marknadsleiar på eit stort fagområde, og halde på den posisjonen nynorsken har hatt på dette fagfeltet. Verket kjem ut på Samlaget våren 2011.

Jon Vidar Sigurdsson og Jan Eivind Myhre er professorar ved Universitetet i Oslo, Ståle Dyrvik er professor ved Universitetet i Bergen og Ola Svein Stugu er professor ved NTNU.

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no