Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Helse Bergen må ta ansvar

 (11.12.2009)

- Helse Bergen er ein statleg institusjon, og sjølvsagt må Helse Bergen følgja dei statlege lovene og forskriftene som gjeld for desse, seier Sylfest Lomheim.

Sjølv om Haukeland Sjukehus berre skal nytte nynorsk, så er det langt frå ein realitet. <a data-cke-saved-href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2994" href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2994" self"="" class="link">Erlend Bakke klaga til Språkrådet, som tok opp hansken. No skriv Bergens Tidende at språkbruken ved sjukehuset skal opp på eit styremøte i Helse Bergen i neste veke.

Dårlege nynorskkunnskapar
I sakspapira grunngjev kommunikasjonsdirektør Mona Høgli den manglande nynorsken med dårlege haldningar, dårleg økonomi og dårlege nynorskkunnskapar hjå dei tilsette.

Bergens Tidende har lese opp sakspapira for Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet. Han meiner at det ikkje er gode nok grunnar.

- Helse Bergen er ein statleg institusjon, og sjølvsagt må Helse Bergen som alle andre statlege føretak og institusjonar følgja dei statlege lovene og forskriftene som gjeld for desse, seier Lomheim til avisa.

Må ta ansvar
- No må leiinga sjå til å ta ansvar. Det held ikkje å orsaka seg med at språkkompetansen internt på sjukehuset ikkje er god nok. I Bergen og på Vestlandet finst det sikkert hundrevis av personar som har den kompetansen som skal til for å gje dei tilsette den opplæringa dei treng til å nytta tenestemålet, seier Lomheim.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no