Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

7 millionar til Garborgsenteret

 (11.12.2009)

Denne veka kom meldinga om at Garborgsenteret som no reiser seg på Bryne er godt nok for Stortinget. No strør regjeringa 7 millionar kroner over senteret.

Geir Pollestad, Magnhild Meltveit Kleppa, Eirin Sundt, Einar Schibevaag og Hallgeir Langeland. (Foto: Garborgsenteret)

Det har vore tvil om det påbyrja senteret ville kvalifisere for statleg støtte. Onsdag vedtok Familie- og kulturkomiteen på Stortinget at dei er nøgde med planane. "Komiteen mener realiseringen av et Nasjonalt Garborg-senter i Time på Jæren er viktig, og ber Regjeringen holde frem arbeidet med å finne en løsning for å få realisert senteret og utstillingen i tråd med vedtatte planer." Dermed går Stortinget samla inn for at Nasjonalt Garborgsenter skal gjerast ferdig på Bryne.

Staten er positiv
– Eg meiner det betyr at debatten om kvar Nasjonalt Garborgsenter skal liggja, er over. Det var viktig å få ein merknad som slår fast at vedtekne planar er gode nok og kvalifiserer til statleg bidrag. Dette viser at staten er positiv til senteret som er under bygging. Det er også eit klart svar på forsøka på omkamp om lokalisering, sa stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) til Stavanger Aftenblad.

I dag gav Pollestad saman med statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp), Eirin Sundt (Ap) og Hallgeir Langeland, (SV) senteret 7 millionar kroner som regjeringa fann mellom Tippemidlane og budsjettposten «tilgjengelige spillemidler til regionale møteplasser og formidlingsarenaer for kultur».

Aldri i tvil
- Eg var aldri i tvil om me skulle få dette til, seier Meltveit Kleppa til Stavanger Aftenblad.

Sjølv om det enno er eit stykke igjen til dei 30 millionar kronene som ein oppstart er estimert til, så var senteret veldig glade for pengane

- Pengane frå regjeringa gjer at me no kan arbeide vidare med planane våre. Det er og eit viktig signal til sponsorane, seier direktør for Jærmuseet, Målfrid Snørteland, til avisa.

Prosjektleiar Einar Schibevaag er like nøgd.

- No er me i gang og meldinga frå regjeringa er til stor inspirasjon for Garborgsatsinga på Jæren!

Måler er at Garborgsenteret skal opne i 2011.

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no