Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Erik Ulfsby ny teatersjef

 (15.12.2009)

Eit samrøystes styre har i dag vedteke å tilsetje Erik Ulfsby som ny teatersjef på Det Norske Teatret i eit åremål på fem år frå 01.01.11.

I innstillinga frå styret heiter det at “Erik Ulfsby framstår som ein fagleg sterk kandidat med stort engasjement og sterk motivasjon. Han har lagt fram ein kunstnarleg visjon som vi meiner vil utvikle teatret i positiv retning. Tilsetjingsutvalet meiner at han er den søkjaren som best vil fylle teaterhuset med kvalitetsmessige gode framsyningar.”

Ulfsby er svært motivert for å ta fatt på stillinga som sjef for eit av landets leiande teaterhus og seier at han ønskjer å skape eit teater som møter si tid.

– Eg ser fram til å få jobbe saman med alle dei fantastiske menneska på Det Norske Teatret. Saman skal vi peike ut vegen vidare for teatret, seier Ulfsby.

Erik Ulfsby (39) er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøgskole, men har siste åra markert seg som ein dyktig og ettertrakta regissør. Han har stått bak suksessar som Isslottet, Jungelboka og no sist Jesus Christ Superstar på Det Norske Teatret. I vår blei Ulfsby nominert til Heddaprisen i klassen beste regi både for Land dags ferd mot natt (Teatret Vårt) og Jungelboka (Det Norske Teatret). Jungelboka fekk Heddaprisen for beste barne- og ungdomsframsyning i 2009 og Ulfsby mottok i 2006 Heddaprisen i klassen Årets teaterprosjekt for framsyninga Bollywood Ibsen - Fruen fra Det indiske hav.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no