Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Liten nedgang i talet på nynorskelevar

 (15.12.2009)

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at i skuleåret 2009/2010 har 13,3 prosent av elevane i grunnskulen nynorsk som hovudmål. Det er ein nedgang på 0,1 prosent samanlikna med førre skuleår.

Tala viser at det særskilt er på Austlandet talet på nynorskelevar har minka. Der har det vorte seks prosent færre berre frå førre skuleåret. Tilbakegangen er størst i Telemark. Der er det ni prosent færre nynorskelevar i skuleåret 2009/2010 samanlikna med i fjor. I Oppland og Buskerud er talet på nynorskbrukarar i grunnskulen redusert med fire prosent.

Litt ned i Vest
På Vestlandet er det éin prosent færre nynorskelevar no enn i fjor. Situasjonen er mest stabil i Møre og Romsdal, der nedgangen er på 0,5 prosent, medan ein i Rogaland har ein nedgang på 1,4 prosent. For landet under eitt har litt over 13 prosent av grunnskuleelevane no nynorsk som hovudmål. Det er ein nedgang på 0,1 prosent frå skuleåret før.

Ikkje berre negativt
– I kjerneområda på Vestlandet står nynorsken støtt, medan i randsonene på Austlandet og i Telemark blir elevane utsett for språkpress og blir ofte spurt om dei vil byte målform. Det opplever ikkje bokmålselevane, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Haldningane til nynorsk er betre enn dei var. Me ser til dømes fleire reklamekampanjar på nynorsk. Eg meiner at eigenverdien til nynorsken er stigande, men at det framleis er utfordringar å gripe tak i, seier Øvregård.

Etterlyser språkpolitikk
Direktør for Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad meiner regjeringa må ha ei meir offensiv nynorsksatsing.
– Bondevik-regjeringa lova for snart ti år sidan å satse systematisk på nynorsken fram mot 2013, ei satsing Stoltenberg-regjeringa skulle følgje opp, men me har ikkje sett mykje til dette, seier han.

NPK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no