Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

-Kunnskapslaust frå Sortevik

 (15.12.2009)

- Det er kunnskapslaust å setja sjukehuskøar opp mot vedtaket om målform i Helse Bergen, seier Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom.

I Bergens Tidende 12. desember uttalte Arne Sortevik, (FrP) at det var horribelt at styret i Helse Bergen skulle nytta tid på å diskutera kva målform dei tilsette skal ha lov til å skriva, så lenge dårleg sjukehusøkonomi og lange ventelister pregar kvardagen. Etter vedtak frå Kulturdepartementet frå 2004 skal målforma ved Helse Bergen vera nynorsk.

Mållova klår
- Sortevik har ikkje sett seg skikkeleg inn i saka, seiar Svendsen. Når Sortevik seier at diskusjonen om målforma ved sjukehuset gjer ventelistene lengre, gjer han saka meir dramatisk enn det ho er. Hadde Sortevik undersøkt mållova, ville han ha sett at det einaste mållova regulerer er i dette høvet ekstern kommunikasjon som rundskriv, vevsider og informasjontilfang. Dei tilsette står difor fritt til å velja kva målform dei vil skriva.

For ikkje lenge sidan kjempa seksjonsoverlege ved sjukehuset i Lillehammer, Ottar Rekkedal, for å få nytta nynorsk i journalføring, og fekk medhald frå Kulturdepartementet. Dimed står den einskilde legen fritt til å nytta kva målform han eller ho vil.

Kunnskapsløyse
- Med mindre Sortevik kan visa til at det har vorte nytta mykje tid internt på diskusjonen om målform, er dette ei sak som berre har rot i kunnskapsløyse og fordommar. Det heile verkar meir som eit åtak på nynorsk enn eit reelt spørsmål om tid og kostnader, seier Svendsen.

Språkrefs til Haukeland sjukehus

Pressemelding NMU
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no