Barna treng stemmer, song og rytmar også før dei er fødde, meiner jordmor Marianne Klokset Aspås. Saman med m.a. Gjemnes Mållag har ho laga songheftet "Smålåten. Syng og sull for barnet".– Det er i samspelet mellom to at kultur blir til. Grunnlaget for musikk blir forma i det ufødde barnet, for allereie som foster vert vi påverka av lydar og rytmar. Musikk er ikkje berre det vi høyrer, men også det vi sansar, skriv Aspås i føreordet.
Heftet inneheld eit utval av barnesongar, folkeviser og lokale regler frå Nordmøre og Romsdal.
Stemma den beste leiken– Mange torer ikkje synge! Dei må hugse at for babyen er det heilt topp med mors og fars stemme, uansett om det er litt ureint eller surt. Det viktige er å bruke seg sjølv. Når barnet er fødd, er også stemma den beste leiken babyen kan få, betre enn både duppedittar og musikk, seier Klokset Aspås til Romsdal Budstikke.
Det er kjende og klassiske barnesongar, folkeviser, reglar frå Nordmøre og Romsdal.
Heftet er gitt ut i samarbeid med og med støtte frå private, fleire helselag og lokale mållag, og kulturetaten i Nesset kommune. Heftet er illustrert av Bergliot Hals.
Sjå video/les meir