Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språk i barnehagen

 (04.01.2010)

9. februar vert det konferanse om nynorsk i barnehagen på Kulturhuset på Sand i Ryfylke.

I panelet sit mellom andre Ingar Arnøy frå Noregs Mållag, Sylfest Lomheim frå Språkrådet, Ingeborg Mjør frå Universitetet i Stavanger og Janne Karin Støylen frå Nynorsksenteret.

Kvifor bør barna høyre nynorsk litteratur i barnehagen? Kvifor bør ein formidle den lokale dialekten og den nynorske songskatten til barna? Korleis kan nynorsken stå sterkare i barnehagen?

Det er Suldal Mållag saman med Rasmus Løland - markeringa, Ryfylkemuseet og Suldal kommune som inviterer til konferanse. Ideen om ein konferanse kom til då Suldal Mållag hadde møte med ordførarar og rådmenn i kommunane Hjelmeland, Sauda, Suldal og Vindafjord der ein mellom anna tok opp språksituasjonen i barnehagane.

Målgruppa for konferansen er tilsette i barnehagar og barneskule, politikarar, føresette og andre interesserte.

Pressemelding Suldal Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no