Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lettare å omsetje frå bokmål til nynorsk

 (04.01.2010)

Kevin Unhammer ved Universitetet i Bergen og Trond Trosterud ved Universitetet i Tromsø har laga eit dataprogram som gjer det mogleg å setje om tekst og heile nettsider til nynorsk.

Det er det amerikanske selskapet Google som har betalt Unhammer for å lage programmet. Det er gratis å bruke og er det fyrste i sitt slag. Trond Trosterud seier til NRK at dette er eit viktig verktøy.

– Slike program vil til dømes gjere det enklare for kommunar og offentlege organ å skrive tekster og skjema på ulike språk og målformer. Så kan omsetjarane konsentrere seg om heilskapen i teksta, i staden for å bruke tid på å slå opp i ordbøker, seier Trosterud.

– Det som no veks fram er den firespråklege staten. Fylkesmannen har nettsider på bokmål, nynorsk, engelsk og nordsamisk. Det er eit stort maskineri å administrere, og ein av nøkkelkomponentane i den fleirspråklege staten vil vere programvare som dette, seier Trosterud til NRK.

Prøv programmet her

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no