Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Godbitar på vårlista til Samlaget

 (07.01.2010)

Ny roman frå Anna Gavalda, essaysamling frå Frode Grytten, uautorisert portrettbok om Lars Sponheim og tre bøker som markerer Einar Øklands 70-årsdag 17. januar.

- For alle Anna Gavalda-fans blir det ein strålande bokvår, seier forlagssjef i Samlaget Margit Walsø.
- Vi spår at den nye romanen frå den franske suksessforfattaren, Eit lite sprell, blir forsommarens store lesefavoritt. Ein annan av våre bestseljarar, Alle mine kjære av Alice Sebold, blir relansert i samband med Peter Greenaways storfilm i mars. Tilveksten av sterke, nye stemmer på Samlaget er svært god, og vi er stolte over å presentere eit knippe unge, skjønnlitterære forfattarar i ein ny pocketserie i mai, seier Walsø.

Islandsk krim
Eit lite sprell er omsett av Tove Bakke, og er ei lett, øm og full av humor, ein hyllest til gode søskenrelasjonar, til irriterande svigersystrer, til franske vinar og bakeri. Bakke har også omsett romanen Desperate personar, av Paula Fox, ei av dei mest sentrale forteljarane i amerikansk etterkrigslitteratur.

Samlaget kan endeleg presentere den færøyske forfattaren Carl Johan Jensen på norsk. Jensens bok U.-Historier om djevelskap blei nominert til Nordisk råds litteraturpris. Alice Sebolds internasjonale bestseljar Alle mine kjære er filmatisert av Peter Greenaway og har Noregspremiere i midten av mars.

Jubileum
Einar Øklands 70 års dag vert feira i Oslo 16.1. Økland kjem med ei ny novellesamling Forteljingar og fablar frå andre tider, samtidig som 1968-boka, Vandreduene, kjem i ny utgåve. Samlaget lanserer også boka Skriftfest. Einar Økland 70 til jubileet, eit rikhaldig festskrift redigert av Kjartan Fløgstad, Sverre Tusvik og Jorunn Veiteberg,

Frode Gryttens bok 50/50 - Essay viser Grytten som skribent og utforskande journalist gjennom 50 tekstar i samband med at han hausten 2010 blir 50 år.

I mai lanserer Samlaget ein ny pocketserie med forlagets unge stemmer. Dei første som kjem ut i serien er Agnes Ravatn, Nils Henrik Smith, Sigrid og Guri Sørumgaard Botheim, Jan Roar Leikvoll, Erlend Kaasa, Hilde K. Kvalvaag, og Gaute M. Sortland.

Andre godbitar
Olav Garvik og Olav Kobbeltveit kjem med ein nærgåande uautorisert biografi om Lars Sponheim som vert lansert i april. Kvinna bak re-designen av Brios klassiske leiketøy, Camilla Lundsten, kjem med ein ny serie peikebøker for dei minste. Bøkene Endelig godnatt! og Endelig regn! er først ut i serien. Kari Stai som debuterte med den prislønte biletboka Jakob og Neikob, kjem med ny biletbok med tittelen Blodrik og blodfabrikken.

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no