Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk den nye rocken?

 (19.01.2010)

Fem Samlagsforfattarar står på onsdags-programmet på Litteraturhuset i Oslo. Dei skal på kvar sin måte svare på om bonderomantikken er på veg attende. Mållagsmedlemer får rabatt på inngangsbilletten.

Heilt sidan Bjørnstjerne Bjørnson sine bondeforteljingar har bygda vore eit sentrum i mykje norsk litteratur. Og sjølv om solsida til Synnøve Solbakken etter kvart skleid over i skitenrealisme og ironisk distanse til heimstaden, er det i dag fleire unge forfattarar som igjen retter blikket mot bygdeidyllen.

«En roman som lukter av gran og sau og bløtkake», sa folkejuryen til NRK då Sigmund Løvåsen sin debutroman Nyryddinga vann P2s romanpris i 2003. Gjennom ein tiårings draum om å drive farsgarden skildrar Løvåsen ein idyllisk bygderøyndom. Idyll er også stikkord i Bjarte Samuelsen sin roman frå i fjor. I Tang får hovudpersonen eit postkort med invitasjon til å ta del i «omhugstralten» på ei øy utanfor Bergen. I motsetning til den regnfylte og stressande byen lever menneska i Bygde-Noreg sunt, avslappa og lukkeleg – eller gjer dei det?

Møt dei begge på denne bygdelagr bonderomantikken på veg tilbake?skvelden midt i hovudstaden i samtale med forfattar og journalist Agnes Ravatn. Vi varmar opp med opplesing frå Ramstein pensionat av systrene Guri og Sigrid Sørumgård Botheim som debuterte saman i fjor med ein roman om einsemd, kjekke menn og vestlandsk bygdeliv. Fordi «unge, nynorskskrivende kvinner er den nye rocken», ifølge avisa Dagens Næringsliv.

Bygdelitteratur på 2000-talet
Onsdag 20. januar kl. 1900
Litteraturhuset

Om ein kan syne fram eit prov på medlemsskap i Noregs Mållag, vil ein kunne kjøpe billett til rabattert pris, kr 50,- (ordinær pris 80,-). Har du ikkje teke vare på medlemskortet, send ein e-post til Kjartan Helleve. Ei utskift frå svaret hans vil gjere same susen.


Pressemelding Litteraturhuset
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no