Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vestlendingar overtek Bokdykk

 (19.01.2010)

Det Norske Samlaget har trekt seg ut av nettbokhandelen Bokdykk og Blåmann barnebokklubb. Dei lokale investorane Trond Økland og Michael Dorfman frå Florø skal drive selskapet vidare som ein nynorskprofilert kulturbokhandel på nett og barnebokklubb for nynorske bøker.

- Vi har inngått gode samarbeidsavtalar med "nye" Bokdykk og eg er svært nøgde med at det vi har vore med og bygd opp no vert drive vidare av lokale krefter. For oss er det viktig og riktig med ein nasjonal nettbokhandel som profilerer nynorsk litteratur, og vi er glade for at dei også ønskjer å satse vidare på den nynorske barnebokklubben Blåmann. Samlaget skal no konsentrere seg om kjerneverksemda som er å utvikle gode bøker og forlagsprodukt, seier forlagsdirektør i Samlaget, Tove Lie.

- Vi ser fram til å drive Bokdykk og Blåmann vidare som eit frittståande nettbasert selskap, seier Trond Økland, og er glad for mogelegheita til å utvikle konsepta vidare, bygd på det gode arbeidet som allereie er gjort. Det er spennande tider i bokverda, og vi planlegg vidare utvikling av nettportalane til glede for norske lesarar.

Bokdykk AS blei oppretta i 2007 av Samlaget og Økland Invest. I 2008 blei barnebokklubben Blåmann også ein del av selskapet.

Pressemelding Samlaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no