Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dei språklege skilnadene i Noreg aukar

 (28.01.2010)

- Dei språklege skilnadene aukar i Noreg, og det er bra, sa direktør Ottar Grepstad i Ivar Aasen-tunet då han onsdag lanserte Språkfakta 2010.

Illustrasjon hente frå Språkfakta 2010


- Innbyggjarane kjem frå over 200 land, og skulane har det siste tiåret undervist i over 180 ulike språk, sa Grepstad.
- Engelsk pressar mot bokmål i næringsliv og underhaldning, og bokmål pressar mot nynorsk på dei fleste områda. Bruken av nynorsk er likevel ganske stabil, og der bruken av engelsk aukar, går det meir ut over bokmål enn nynorsk, sa direktøren i Ivar Aasen-tunet.

"Språkfakta 2010" er publisert som gratis e-bok på www.aasentunet.no. Publikasjonen er på 653 sider og inneheld 342 tabellar og figurar, og 141 sider kommentarar om språk i Noreg og verda.

• Norsk er det 131. mest brukte språket i verda
• Ni av ti nordmenn under 30 år meiner det er viktig å verne norsk språk
• Somalisk er det største innvandrarspråket i skulen, og fleire elevar får no undervisning i somalisk enn i samisk
• 31 % av sendingane i NRK Radio er på dialekt, mot 3 % i 1972
• 29 % av alle aviser er redigerte på nynorsk eller på nynorsk og bokmål
• 12 % av alle bøker frå norske forlag er på engelsk, og 6 % på nynorsk
• 5 % av dokumenta på norskspråklege nettstader er på nynorsk

Fleire språk, men skiftande toleranse
Både Noreg og mange andre land fremjar no tiltak som skal verne om og styrkje det språklege mangfaldet. Noreg har snart like mange innvandrarar som nynorskbrukarar. Dette inneber eit større mangfald av språk og fleire språklege skilnader. Nesten alle skular har no språklege mindretal eller etniske minoritetar blant elevane.

- Den språkdelte norske kulturen blir akseptert av jamt fleire. Tida for ideen om det eittspråklege Noreg er ute, seier Grepstad. For å fremje språkleg og kulturell integrering meiner han grunntekstar frå fleire religionar bør finnast på både nynorsk og bokmål. - For hundre år sidan var det viktig å få Bibelen på nynorsk. No er det viktig at også Koranen blir omsett til nynorsk, seier direktøren i Ivar Aasen-tunet.

Toleransen for slike språklege skilnader aukar, men ikkje like mykje hos alle. Di meir folk tener, di fleire av dei meiner at dialekt blir brukt for mykje, seier Grepstad. Kvinner er meir positive til dialektbruk enn menn, og menn er meir positive til bruk av engelsk enn kvinner. - Det er fleire nynorskbrukarar blant lågtlønte enn høgtlønte, seier Grepstad.

Pressa bruker meir nynorsk enn bokbransjen
Minst 550 000 nordmenn er nynorskbrukarar. Blant desse nynorskbrukarane er truleg fire av ti reelt tospråklege ved at dei bruker nynorsk og bokmål om lag like mykje. Bruken av nynorsk minkar noko i skulen, men er stabil i kyrkja og NRK.

I bokbransjen har lite endra seg på hundre år. Bøker på nynorsk utgjer 6 % av alle utgivingar frå norske forlag. Slik var det også tidleg på 1900-talet. Bokklubben Nye Bøker er den største bokklubben for samtidslitteratur. Frå 1976 til 2009 har klubben presentert over 500 hovudbøker. 4 % av desse har vore på nynorsk. Derimot har 22 % av alle Brage-prisane gått til nynorskforfattarar.

Pressa bruker meir nynorsk enn før. - Aviser redigerte på nynorsk og begge målformer har auka sin del av det samla avisopplaget det siste tiåret, seier Grepstad. - Dei fleste nynorskavisene er lokale fådagarsaviser, og desse står førebels sterkt i konkurransen med nettmedia.

Universitet og høgskular reduserer bruken av nynorsk
Direktøren i Ivar Aasen-tunet meiner universitet og høgskular utdannar folk bort frå nynorsk. Berre 3 % av studentane skriv masteroppgåvene sine på nynorsk. Då desse studentane gjekk i grunnskulen, hadde 17 % av elevane nynorsk.

- Med høgare utdanning aukar den språklege toleransen, men også den språklege einsrettinga, seier Grepstad, som ikkje trur interessa for å bruke norsk er så mykje mindre i næringslivet enn ved universitet og høgskular.

Pressemelding Nynorsk Kultursentrum
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no