Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lerum til topps

 (29.01.2010)

Lerum og reklamebyrået Bates United/Tangram fekk gullmedalje og fire stjerner i Stella-tevlinga, som er reklame- og designbransjen si store årlege tevling.


Utemerkinga kom i kategorien Design - produktidentitet for kampanjen for «Lerums utvalde». Dette er ein serie med syltetøyprodukt som skal vera betre og meir eksklusive enn det Lerum til dømes produserer for matvarekjedene under andre namn.

– Jubelen stod i taket når me fekk vita om dette torsdag kveld. Eg er med salsapparatet vårt på seminar i Tyskland, og det var svært gledeleg å kunna fortelja dette til våre tilsette, fortel administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug til Sogn Avis.

– Me har satsa svært mykje på dette, både i form av kreativitet, fagleg utvikling og finansielt og me har lukkast svært godt med å introdusera dette produktet i marknaden. Denne prisen syner at me definitivt har gjort noko rett og dette er rett og slett fantastisk kjekt, seier Lerum Hjellaug til avisa.

Lerum fekk <a data-cke-saved-href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2241" href="http://www.nm.no/tekst.cfm?id=2241" self"="" class="link">Nynorsk Næringslivspris i 2007.

Les meir

Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no