Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkhefte til alle norske barnehagar

 (03.02.2010)

Eit nytt temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen blir i desse dagar sendt ut til alle norske førskulelærarar.

Heftet er laga av ei gruppe fagfolk ved UiS på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet (KD). Forfattarane er førstelektor Anne Høigård og universitetslektor Ingeborg Mjør ved Institutt for førskulelærarutdanning og universitetslektor Trude Hoel ved Lesesenteret.

Skal inspirere
Språkmiljø og språkstimulering i barnehagen er trekt fram som eitt av fire prioriterte område strategien til departementet for kompetanseutvikling i barnehagen for perioden 2007-2010. For å støtte barnehagen sitt arbeid med innføring av rammeplanen er det utarbeidt fleire temahefte. Heftet om språk er meint som inspirasjon og grunnlag for refleksjon i arbeidet med å leggje til rette for god språkstimulering i alle norske barnehagar.

Språkutvikling gjennom leik
- Vi har skrive om korleis barnehagen kan skape eit godt språkmiljø for alle barn, både i eit einspråkleg og i eit tospråkleg perspektiv. Dei fleste barna utviklar språket naturleg gjennom dei gode aktivitetane som skjer i løpet av barnehagedagen. Alle dei sentrale aktivitetane er viktig for barna si språkutvikling: Leik, samtale og det gode samværet. Song og forteljingar har også mykje å seie for ei god språkutvikling. Barna kan for eksempel ofte syngje ein tekst lenge før dei er i stand til å seie fram den same teksten, seier Anne Høigård.

Les meir

Thomas Bore Olsen/Universitet i Stavanger
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no