Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Staten må ta ansvar

 (17.02.2010)

- Eg meiner å ha registrert at det finst tjue gonger så mykje opplæringsmateriell for flyktningar og innvandrarar på bokmål som på nynorsk. Etter mitt syn ville det ha vore ein stor fordel om ein hadde ein tilsvarande regel som for grunnskule og vidaregåande skule at alt læremateriell skulle vere tilgjengeleg til same tid og same pris på bokmål og nynorsk, seier Jan Magne Dahle, leiar i Landssamansluttninga for nynorskkommunar.

- LNK har i mange år pressa på for å få staten til å ta eit større og direkte ansvar for å få laga læremiddel på nynorsk for innvandrarar, seier Jan Magne Dahle.

- Staten har på si side gjeve det praktiske ansvaret til VOX som vi samarbeider med om å få omarbeidd gode læremiddel på bokmål til nynorsk, få trykt ordbøker på fleire språk og få lest inn på cd standard nynorsk tale det som er i trykte læremiddel. Vi har fått utretta ein del, men det klart at det står uhorveleg mykje att når forholdet mellom målformene er som ein til tjue, seier påpeikar Jan Magne Dahle, i ei pressemelding frå LNK.

Skift til nynorsk
Han legg også vekt på at læreverket NorskPluss er såpass komplett at dei lærarane og kommunane som ønskjer at norskundervisninga skal vere på nynorsk, kan gjere det med godt samvit. Jan Magne Dahle meiner rådmenn og kommunestyre her må ta ansvar og vedta endringar.

- Det kan kjennast tungt å skifte undervisningsmålform for lærarar som i mange år har basert seg på eit godt utval av undervisnigsmateriell på bokmål, til noko som ikkje er så variert, men som likevel er tilfredstillande. LNK registrerer også at det i somme nynorskkommunar er folk som har ansvar for tilrettelegging av undervisning som argumenterer med at flyktningar og innvandrarar er best tente med å lære bokmål. Skal LNK lykkast med å få til ein god variasjon i læremiddel på nynorsk for desse gruppene, er det viktig at dei læremidla som eksisterer på nynorsk vert tekne i bruk, seier Jan Magne Dahle.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no