Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Lat språkgleda leve i barnehagane

 (24.02.2010)

For vel 30 år sidan var det rundt 30 000 born i barnehagar i Noreg. I år vert talet opp mot 300 000. På desse tretti åra er mykje endra. I dagleglivet møter vi stadig meir tekst. Lese- og skrivekunne har vorte viktigare og viktigare. Språkhaldningar har òg endra seg stort desse tretti åra. Viljen til mangfald er vorten betre og sterkare år for år. Det er no sjeldsynt å lese hatske innlegg om grautmål og fjøslatin.

Dei minste borna har alltid vore opne for mangfald. Born i førskulealder har ikkje dei fordomane vi vaksne ofte har til språk. For borna er alle ord like ukjende - og like spennande! For born er skrifta ei gåte dei sakte, men sikkert løyser, utan å meine at det eine språket er betre eller verre enn hitt målet. Ei mest uendeleg lærelyst og nyfikne hjå borna er det beste utgangspunktet for all språklæring. Så lenge vi vaksne ikkje spreier våre fordomar til ungane, ligg alt til rette for ei god framtid for norsk språk.

Språkopplæringa i barnehagane må spegle dei forventningane vi har til borna si framtidige språkmeistring. Det er eit fastlagt mål at alle norske borgarar skal meistre både nynorsk og bokmål. Seinast i fjor stadfesta Stortinget dette i si handsaming av den store språkmeldinga. Då må vi gje båe språka gode vekstvilkår. Ikkje minst gjeld dette andsynes dei minste, og særleg gjeld det språkopplæringa i barnehagane. Eit kjernespørsmål er korleis barnehagar førebur borna til det tospråklege Noreg.

Ein av dei viktigaste og mest effektive måtane å førebu born på det tospråklege Noreg, er også ein av dei enklaste. Born må møte både nynorsk- og bokmålbøker i barnehagen, uavhengig av kvar dei bur i landet. Det må lesast for borna på båe språka. Born er som svampar i sitt møte med språk, og evna deira til å ta til seg språkmangfald er større enn vi vaksne trur. Vil vi gje born eit betre grunnlag for språkmeistring, må vi opne auga for barnehagen si rolle og verdi.

Noregs Mållag har no sett i gang ein barnehagekampanje. Vi søkjer samarbeid lokalt med kommunar og barnehagar. Vi ynskjer å vere med på å gjere barnehagane til ein stad der grunnlaget for eit reelt tospråkleg Noreg vert lagt. Evnar vi å føre borna inn i den tospråklege norske skriftkulturen, gjennom songar, eventyr, leiker, viser, rim og regler, er det von om at dei vaksne i framtida kjenner seg heime i båe skriftspråka og vert glade i dei. Verdien av slik språkmeistring kan ikkje overvurderast. Lat språkgleda leve i barnehagane!

Håvard B. Øvregård
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no