Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utfordrar Navarsete på integrering

 (05.03.2010)

- Det mest påfallande problemet oppstår der innvandrarar har fått opplæring i bokmål, og skal ha barn i skulen i nynorskområde. Desse får problem med å hjelpa ungane med skulearbeid, seier leiar i Norsk Målungdom, Maria Svendsen.

Der dette er tilfelle vil der oppstå ein språkbarriere mellom foreldre og barn. Dei plassane det er mogleg, vil mange av barna verta flytta over i bokmålsklassar. Dette skapar eit uheldig skilje mellom kven som lærer nynorsk og kven som lærer bokmål på skulen.

- På sikt er dette svært uheldig, og det hindrar god integrering om innvandrarane vert utestengde frå nynorsken, sier Svendsen.

Liv Signe Navarsete melder at Kommunal- og regionaldepartementet no set fokus på innvandrarar i distriktspolitikken. Norsk Målungdom vonar nynorskopplæring for innvandrar i aktuelle område vert ein viktig del av denne satsinga.

- Det er diskriminerande og tankelaust ikkje å gje innvandrarane opplæring i rett språk. Me får ikkje ei vellukka integrering når kommunane, ved å gje alle bokmålsopplæring, signaliserer at innvandrarane uansett skal flytta inn til byane.

I eit ope brev til departementet utfordrar Norsk Målungdom ministeren til å ta saka på alvor, og skaffa eit oversyn over kva kommunar som ikkje gjev eit godt nok opplæringstilbod.

- Det viktigaste er at finst gode og rimelege læremiddel tilgjengeleg på nynorsk. Diverre skal det ikkje meir til enn små, praktiske hinder for at kommunane ikkje får på plass eit opplæringstilbod, seier Svendsen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no