Attval i Romsdalen
(15.03.2010)
Øyvind Fenne tok attval som leiar i Romsdal Mållag og fekk med seg det gamle styret attåt Iren Stranden som kom inn som ny styremedlem. Det er fleire fylkeslag som har hatt årsmøte.
Nordmøre Mållag hadde årsmøte no i helga. Der vart også attval. Nils Bjørsvik stilte på endå eit år, medan det kom inn to nye styrefolk: Eli Smisetfoss frå Ålvundfjord og Sølvi Bergslid frå Tingvoll.
Nordmøre Mållag skal følgje opp arbeidet knytt til prosjektet Nynorsk for alle på Nordmøre. Komande år tek ein mellom anna sikte på å få til eit nynorskkurs for byråkratar på Nordmøre.
Hege Lothe
|
|