Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Janne Nygård stiller som leiar i Målungdomen

 (17.03.2010)

Norsk Målungdom lader opp til 50-årsjubileet neste år med landsmøte i Ørsta. Fyrstkomande helg19.-21. mars samlar målungdomar frå heile landet seg til eit viktig landsmøte som skal staka ut kursen for organisasjonen for fleire år frametter.
- Folk treng å sjå meir nynorsk der dei er, difor vil me arbeida målretta for å gjera nynorsk meir tilgjengeleg på alle samfunnsområde, seier Maria Svendsen, leiar i Norsk Målungdom.

Valnemnda har innstilt Janne Nygård frå Jølster i Sogn og Fjordane som ny leiar, og Bror-Magnus Sviland Strand frå Sandnes i Rogaland som nestleiar. Tone Rossow frå Asker er innstilt som ny dagleg leiar.

Landsmøtet skal både vedta arbeidsprogram for eitt år, og ein langtidsplan for dei neste fem åra. Nynorsk i kvardagen er tema for framlegget til nytt arbeidsprogram. På sikt ynskjer Norsk Målungdom å gjera nynorsk meir tilgjengeleg for alle.
- «Nynorsk for alle» handlar om at dei som vil skal få høve til å læra nynorsk. I dag er det eit problem at mange innvandrarar i nynorskkommunar ikkje får læra nynorsk av di det ikkje finst trykte læremiddel. Det vil me gjera noko med, seier Svendsen.

Norsk Målungdom samarbeider med Ivar Aasen-tunet og Ørsta Mållag om landsmøtet. Direktør i Ivar Aasen-tunet, Ottar Grepstad, som skal halda landsmøtetala.
- Det er heldigvis mykje hjelp å få i heimlege traktar for nynorsken, seier Svendsen.

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no