Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målpris til Linda Eide

 (18.03.2010)

– I dei mange programma ho har laga for NRK har ho synt at Vossa-målføret og nynorsk er ypparlege reiskapar i ei frodig journalistisk verksemd der det er plass til det meste, heiter det i grunngjevinga.

Prisen vert delt ut på årsmøtet i Hordaland Mållag i Bergen laurdag 20. mars. Målprisen frå Hordaland Mållag 2010 er eit målarstykke av biletkunstnaren Liv Jorunn Skjold: "Jenter på trapp i Havråtunet".

– Linda Eide er uvanleg iderik og særs allsidig, ho spelar på mange og ulike talentstrenger og typisk for henne er eit usliteleg humør, humor, sjølvironi, det skeive blikket, dei uventa vinklingane og dei overraskande hendingane. Kort sagt ho er eit nynorsk idol, seier Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag.

Linda Eide er fødd og oppvaksen på Voss og er 41 år. Ho tok eksamen ved Norsk Journalisthøgskule i 1990, og seinare har NRK vore arbeidsplassen hennar. I 1996 studerte ho litteraturvitskap ved NTNU. Ho har vore programmedarbeidar i ulike avdelingar i NRK, mellom anna P3 i 1993 og frå 1998 i NRK P1 Norgesglasset og NRK Fjernsynet. Sidan 2007 har ho vore programleiar i serien ” Norsk attraksjon” på NRK Fjernsynet.

Eide har gjeve ut bøkene ”Då gamlemor baka seg i hel” (2000),”Kvardagstraume i utval” (2003) og saman med Lars Nyre har ho skrive læreboka ”Radioradio. Lyd i journalistikk” (2004). Forfattarane fekk Halvdan Koht-stipendet for denne boka. I 2006 fekk Linda Eide Regjeringas nynorskpris for journalistar, som då vart delt ut for fyrste gong. I 2008 fekk ho sykkelprisen frå Syklistenes Landsforening for arbeidet sitt for sykkelen som framkomstmiddel, som m.a. var emnet i dokumentaren ”Døden bak Styret”, som vart sendt i NRK i 2005.

Vil du ha meir informasjon eller ein kommentar kontakt:
Einar Ådland, leiar i Hordaland Mållag, Tlf. 56 14 33 12. Mobil 90 55 95 57
E-post: didraad@online.no

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no