Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jølstring vald til leiar i Norsk Målungdom

 (25.03.2010)

Janne Nygård er 20 år, kjem frå Jølster i Sogn og Fjordane og vart i helga vald til leiar i Norsk Målungdom på det 49. landsmøtet til organisasjonen. Bror-Magnus Sviland Strand (20) frå Sandnes vart vald til nestleiar. Tone Rossow (21) frå Asker i Akershus er vald til dagleg leiar.

- Den største utfordinga vert å opne for nynorsk i rikspressa. Det er viktig at ungdom møter nynorsk andre stader enn på skulen, og vi les nyhende på nettet og ikkje på papir. Norsk Målungdom skal gjennomføre ein kampanje for å opne for nynorsk i dei største nettavisene. Eg vil lese oppdateringane frå fotball-VM og Melodi Grand Prix på nynorsk, seier Nygård.

Dei siste tre åra har Norsk Målungdom hatt leiarar frå Oslo, og ein stor del av medlemsmassen til organisasjonen kjem frå bokmålsområde. No vil den nyvalde leiaren ha med seg fleire frå nynorskområda.

- Eg er stolt over å kunne representere nynorskbrukande ungdom, og håpar at fleire frå dei nynorske kjerneområda vil engasjere seg i organisasjonen. Dei som er vande med å sjå nynorsk rundt seg er mindre engasjerte enn folk som har bytt til nynorsk, eller flytta vekk frå nynorskområde. Det vert lettare for alle å bruke nynorsk om fleire engasjerer seg for språket, seier Nygård.

Norsk Målungdom vedtok strategimål for perioden 2010-2015. Den nye leiaren meiner det er viktig å sjå arbeidet i eit lengre perspektiv enn berre fram til neste landsmøte, og legg til at med strategimåla har organisasjonen ein reiskap for det. Andre viktige saker i det kommande arbeidsåret er å betre språkkompetansen hjå lærarstudentar, og at innvandrarar i nynorskkommunar skal få norskopplæring på nynorsk.

Melding frå Norsk Målungdom
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no