Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Meir nynorsk på statlege nettstader

 (25.03.2010)

Statsorgana brukar litt meir nynorsk på nettsidene sine no enn før, men tre av fire statsorgan bryt framleis mållova. Det kjem fram i ein ny rapport om målbruk i staten.

I åra 2006 til 2008 vart statsorgana pålagde av storting og regjering å trappe opp arbeidet med å etterleve mållova. I St.meld. nr 7 (2005–2006) ”Målbruk i offentleg teneste” fekk statsorgana beskjed om at dei innan 2008 skulle oppfylle krava i mållova til punkt og prikke. I praksis gjaldt det å auke nynorskprosenten i informasjon på nett og papir. Den siste mållovsrapporten frå Språkrådet, med resultat frå 2008, viser at det er langt igjen før statsorgana oppfyller krava i mållova. Om lag eitt av fire statsorgan oppfyller krava i mållova på ein god måte.

Berre eitt av to skjema på nynorsk
Statsorgana viser minst framgang i informasjon på papir. I publikasjonar på nett er derimot framgangen tydeleg. På statlege nettsider er det no om lag 10 prosent nynorsk, mot 5 prosent for nokre år sidan. Kravet er 25 prosent.
Om lag halvparten av alle skjema som er i bruk i staten, er på nynorsk. Kravet er at alle skjema skal finnast på begge målformer. Krava har vore dei same i mange år.

Leiaransvar
– Leiarane i statsorgana må sende tydelege signal til organisasjonen om at mållova skal følgjast. Utan slike signal har det liten verknad at eit statsorgan arbeider godt med å bruke og utvikle den språkkompetansen som skal til, seier fagkoordinator Sigfrid Tvitekkja i Språkrådet.

– Eit slåande døme er korleis departement som har hatt nynorskbrukande statsråd, går frå for låg nynorskprosent til å oppfylle krava i mållova på kort tid, seier Tvitekkja.


Sjå resultat frå 135 statsorgan:
”Rapport om målbruk i offentleg teneste 2008” og tal for enkeltorgan ligg på nettsidene til Språkrådet: http://www.sprakradet.no/Politikk-Fakta/Lov_og_rett/Maallova/Statistikk/
Blant dei 135 statsorgana finn vi blant anna høgskular, universitet, direktorat og ombod.

Melding frå Språkrådet
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no