Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Nynorsk kultursentrum

 (09.04.2010)

– Eg er veldig glad for å få vere styreleiar for ein kulturinstitusjon med så utfordrande og spennande oppgåver som Nynorsk kultursentrum, seier Reidar Sandal som ein kommentar til at han er vald som ny styreleiar i Nynorsk kultursentrum.

Reidar Sandal (fødd 1949) frå Florø var utdanningsminister 1995–97 og stortingsrepresentant i 13 år. Han var med i tre ulike stortingskomitear, dei siste åra som leiar i finanskomiteen. I dag er han konsulent i Sunnfjord næringsråd. Sandal tek over etter Oddvar Haugland, tidlegare direktør i NOKUT, det nasjonale fagorganet for kvalitet i utdanninga.

Styret i Nynorsk kultursentrum har medlemer frå heile landet: Reidar Sandal, leiar (Florø), Sigrun Høgetveit Berg, nestleiar (Tromsø), Georg Arnestad (Sogndal), Bente LaForce (Hamar), Jon Fosse (Bergen), Grete Riise (Bergen) og Åshild Widerøe (Volda). Varamedlemer er Terje Kjøde (Ørsta), Torunn Hovland Ljone (Ulvik) og Reza Rezaee (Oslo).
 

Hege Lothe
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no