Trass i at flytrafikken er innstilt, vert det landsmøte i Noregs Mållag på Stiklestad Hotell frå fredag 16. april klokka 13.
- Eg er imponert over utsendingane som på svært kort varsel fann fram alternative reiseruter.
Å setje seg i ein bil og køyre frå Agder til Nord-Trøndelag for å vere med på landsmøtet vitnar om ståpåvilje, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Han måtte sjølv setje seg i bilen onsdag kveld og køyre i 16 timar for å nå fram.
- Det er også vilje til å få med seg ein sikkeleg fest i Mållaget. Fredag morgon tek musikar Per Arne Glorvigen landevegen fatt frå Paris. Og då rekk han akkurat å underhalde på festmiddagen laurdag kveld, smiler Håvard B. Øvregård.
Landsmøtet vert opna fredag klokka 13 med opning og konstituering. Resten av landsmøtesakene vert handsama laurdag.
For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)
Treng du praktisk informasjon:
kontakt ein av dei tilsette på mållaget. ***
NY DAGSORDEN FOR LANDSMØTETStyret har diskutert situasjonen og legg fram dette framlegget til gjennomføring av landsmøtet:
Fredag 13.00 - 14.00 Opning, konstituering
- framlegg om å gjennomføra dei formelle landsmøtetingingane i tidsrommet 09.30 - 18.00 laurdag)
14.00 - 14.30 Pause
14.30 - 15.15 Presentasjon av Språkfakta 2010 v/ Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum
15.15 - 15.45 Pause m/ mat
15.45 - 16.45 Gjennom ord vert verda stor - presentasjon av kampanje for nynorsk i barnehagen ved Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag
16.45 - 17.00 Pause
17.00 - 18.00 Fråsegner (uformell drøfting av fråsegnene som skal handsamast laurdag, slik at dei evt kan endrast og betrast for å letta den formelle handsaminga)
20.00 Middag
Laurdag09.30 - 18.00
Styret gjer framlegg om å handsama desse sakene: leiartalen, årsmeldinga, rekneskap, budsjett, innkomne framlegg, målbyte, fråsegner og val.
19.30 Stemningsstund i Stiklestad kyrkje
20.00 Festmiddag m/ underhaldning og dans
Sundag10.00 - 12.30 Målbyte, vidareføring av diskusjonen laurdag, ideutvikling m.m.
12.30 - 13.30 Lunsj